Helga 18.–19. februar 2012 reiste fire unge skiløparar på 13 og 14 år frå Hjelmeland til Oslo for å gå Ungdommens Holmenkollrenn.
![Ungdommens Holmenkollrenn](http://cpanel3.proisp.no/~hjelmzjx/wp-content/uploads/2012/03/Ungdommens-Holmenkollrenn.jpg)
Renn i klassisk stil laurdagen gjekk i ekte «kollentåke», og dermed krevjande høve for «smørjeteamet». Søndagen vart det avvikla renn i fristil med flott vêr og god stemning langs løypene. Løparane frå Hjelmeland gjorde ein flott innsats i kollen denne helga.