Dugnaden for å rusta opp Fister Klubbhus starta påskeaftan. Klubbhuset er difor stengt inntil vidare.
Me har fått sett inn ny ytterdør og ny innerdør, og arbeider for tida med å montera nye lamper, setja opp takrenner og mala romma innandørs. Framleis mange delprosjekt på lur. Takk til Harald Andresen, Jon-Viggo Andresen, Christoffer Bergøy, Thor Martin Einervold, Morten Hetland, Øyvind Hetland og Sveinung Sandvik som har teke dei første skippertaka!