Hjelmeland sitt kvinnelag vann finalen mot Fjordabuen i Hjelmelandsmeisterskapet i fotball på Fister Idrettsplass laurdag 7. juli. Sundag 8. juli vart finalen i herreklassen spelt, der Fister vann 3-1 mot Randøy. Med siger i Hjelmelandsmeisterskapet for tredje år på rad, har Fister kapra vandrepokalen til odel og eige.
Hjelmelandsmeisterskapet vart arrangert for 34. gong i helga 7.-8. juli. Meisterskapet har blitt arrangert kvart år sidan 1978, med unntak av i 2006, då for få påmelde lag førte til at arrangementet vart avlyst.
I herreklassen (11’ar-fotball) stilte Dei innante, Jøsneset, Vormedalen, Randøy, Askvik, Sterling og Fister med lag. Alle laga møtte kvarandre til kamp éin gong, og laga med flest poeng frå desse kampane (Fister og Randøy) møttest i finalen. Etter suveren 3–1-siger vart Fister sitt lag Hjelmelandsmeistrar for tredje år på rad, med Randøy på ein god sølvplassering.
I dameklassen (7’ar-fotball) møttest Fjordabuen og Hjelmeland. Etter tre spelte kampar var det Hjelmeland som trekte det lengste strået, og greidde å kjempa seg til topps i meisterskapet.
Hjelmelandsmeisterskapet 2012, herrar (eksl. finalen):
[table “12” not found /]
Hjelmelandsmeisterskapet 2012, kvinner:
[table “13” not found /]
Resultat frå kampane:
[table “11” not found /]