![](https://hjelmelandil.no//wp-content/uploads/2012/11/Mikal-Tengesdal-300x200.jpeg)
Måndag 12. november klokka 18:00 blir det vist langrennsutstyr og -klede i Hjelmelandshallen med Tengesdal Sport frå Egersund.
Mikal Tengesdal vil fortelja om kva som er fornuftig å kjøpa av langrennsutstyr, både for nybyrjarar og vidarekomne, anten du går på kosetur eller fresar avgarde i løypene. Her får ein også smørjetips. Vel møtt!