Hjelmeland sitt G11-lag i handball gjorde stas på det franske handballandslaget under landskampen mellom Noreg og Frankrike sist onsdag.
14 gutar og jenter frå Hjelmeland Idrettslag hadde i lang tid sett fram til å følgja dei olympiske meistrane inn på banen, og onsdag 3. april reiste Hjelmeland-spelarane til Stavanger Idrettshall for å vera maskotlag for det franske handballandslaget under landskampen mellom Noreg og Frankrike.