I kveld vart det 2-0-tap mot Vaulen 2 for Hjelmeland Idrettslag sitt seniorlag i fotball. Likevel ser 2013-sesongen så langt mykje lysare ut enn fjoråret.
Det var to jamne lag som møttest på Vaulenbanen fredag kveld. Ingen mål vart skåra i 1. omgang, verken av Hjelmeland eller Vaulen 2.
Etter 65 spelte minutt vart det blåst til straffe for Vaulen 2. Då Hjelmeland-målvakt Sveinung Sandvik slengde seg til venstre, fauk ballen elegant inn til høgre for han, og Stavanger-laget tok leiinga.
Elles var det ein jamn og kjedeleg 2. omgang, med unntak av ein episode som enda med at Vaulen-målvakten slo ned Hjelmeland-kaptein Jon-Viggo Andresen. Heldigvis hadde Vaulen-målvakten hanskar på seg, og Andresen var raskt oppe på beina igjen.
Kampens siste mål vart òg signert Vaulen 2 i det 90. minuttet. Sjølv ikkje fire minutt overtid var nok for Hjelmeland-spelarane, som dermed måtte reisa heim med 2-0-tap i årets første seriekamp.