Vellukka på Hjelmelandscupen 2013

Lag frå Hjelmeland Idrettslag, Staal Jørpeland Idrettslag og Forsand Idrettslag møttest til vennskapleg rivalisering på Fister Idrettsplass under Hjelmelandscupen 2013. (Foto: Morten Hetland)
Lag frå Hjelmeland Idrettslag, Staal Jørpeland Idrettslag og Forsand Idrettslag møttest til vennskapleg rivalisering på Fister Idrettsplass under Hjelmelandscupen 2013. (Foto: Morten Hetland)

17 barnefotballag frå Hjelmeland Idrettslag, Staal Jørpeland Idrettslag og Forsand Idrettslag var sundag 18. august samla til Hjelmelandscupen 2013 på Fister Idrettsplass.

– Eg er svært fornøgd med heile arrangementet. Det har gått veldig bra! Alt har gått smertefritt frå laga kom til dei gjekk, og det har vore lite daudtid, fortel Even Stakkeland, turneringsansvarleg for Hjelmelandscupen 2013.

Hjelmelandscupen byrjar etter kvart å bli ein fast tradisjon, og Stakkeland er sikker på at eit så vellukka arrangement må vidareførast.

– Me kjem til å gjenta Hjelmelandscupen til neste år, men må kanskje flytta tidspunktet noko, trur Stakkeland.

 

Scroll to Top