Jasin Hjorteland Gbada frå Jøsneset kom på andreplass i 10 km i klassen M14/15 under Oslo Maraton i helga.
– Eg hadde ambisjonar om å bli blant dei tre beste i min klasse, så eg syns eg gjorde ein heilt grei prestasjon, fortel Jasin Hjorteland Gbada til Mitt Hjelmeland.
Jasin har spelt fotball for Hjelmeland Idrettslag i mange år, men det siste året har han òg drive med litt friidrett. Tidlegare i haust debuterte Jasin i Stavanger Marathon, der han med tida 37:27 kom på førsteplass i klassen M14/15 og på 13. plass blant om lag 300 deltakarar i 10 km.
I Oslo Maraton sprang Jasin endå raskare, og med tida 37:00 blei han nest best av dei 80 deltakarane i klassen sin i 10 km-løpet.
I følgje lokalavisa Strandbuen er Jasin no på fjerdeplass i årets landsstatistikk over 10 km-løp i klassen M14/15.