I går, onsdag, vann G14-laget til Hjelmeland IL 4-2 over Buøy IL på bortebane. Kampen var ein rein puljefinale, der vinnaren av kampen vann pulja.
Det blei ein spanande kamp, der Buøy gjekk opp i leiinga, og det sto 2-2 til pause.
I andre omgang fekk me vinden og spelet i ryggen, og det var opp mot årsbeste i spel i denne omgangen.
G14-laget vann serien med førti poeng på seksten kampar, fire poeng framfor MIL på andreplass, med ein målforskjell på 65-31.
Kjell Magne Hjørungdal og Gaute Hauge har vore trenarar for laget, medan Jan Magne Hovda har vore lagleiar.