I går, laurdag, starta arbeidet med å rulla ut kunstgraset på Hjelmeland Idrettsanlegg. Jarle Mjølhus, leiar i Hjelmeland kommune si byggjenemnd for anlegget, trur at fotballbanen er klar til bruk allereie neste helg.
Det nærmar seg vinter. Dagane blir stadig kortare. Meir nedbør og kjøligare temperaturar gjer at ein ikkje kan spela fotball på naturgrasbanane i Hjelmeland, men det betyr likevel ikkje slutten for fotballsesongen.
Som ein av dei siste kommunane i Rogaland skal òg Hjelmeland få kunstgrasbane. Hjelmeland Idrettslag har arbeidd for å få fotballbane i området ved Hjelmeland ungdomsskule sidan 1970-talet, og no blir kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsanlegg, like ved ungdomsskulen, opna om kort tid.
– Eg gler meg veldig til kunstgrasbanen blir ferdig, og det trur eg mange andre gjer òg, særskilt ungdommane. No ser me endeleg at banen nærmar seg ferdig. Det er fantastisk at me har kome så langt. Dette blir knallbra, jublar Jarle Mjølhus entusiastisk.
Mjølhus har arbeidd for å realisera kunstgrasbanen gjennom Hjelmeland Idrettslag sidan 2005. Han har òg vore leiar i fotballgruppa til Hjelmeland Idrettslag dei siste åra, og blei valt som leiar for Hjelmeland kommune si byggjenemnd for Hjelmeland Idrettsanlegg.
– No får me endeleg ein heilårsbane i Hjelmeland kommune. Den har ei svært sentral plassering, både for skulen og idretten, noko som gjer det mykje lettare å bruka den. Med skular, barnehagar, idrettshall, ballbinge og sandvolleyballbane like i nærleiken, blir det ein heilskap i anlegget, meiner Mjølhus.
Mjølhus er imponert over kor enkelt det har vore å få folk med på dugnad. Både ungdommar og vaksne har møtt opp med og utan innkalling, noko som er svært sjeldan. Mjølhus trur at det store engasjementet har nær samanheng med at innbyggjarane i kommunen tykkjer at dette er noko stort.
– I første omgang kjem det fotballbane og friidrettsanlegg, og etter kvart får me òg rulleskiløype og aktivitetsområde. Idrettsanlegget kjem til å bli ein viktig miljøfaktor i Hjelmeland, slår Jarle Mjølhus fast.
Ungdommane i bygda er heilt samde med Mjølhus. Øyvind Opdahl Viga og Svein Hjørungdal Vika, to av ungdommane som arbeidde dugnad i helga, sneik til seg første avspark på den grøne matta. Dei ser med glede fram til opninga av kunstgrasbanen.
Svein går i niande klasse på Hjelmeland ungdomsskule, og trenar i Hjelmeland Idrettslag. Han er førebels usikker på kva idrett han vil satsa vidare på, så førebels satsar han like mykje på både ski og fotball.
– Me spelar nesten alle fotballkampane våre på kunstgras. og no får me endeleg trena på kunstgras òg. Det skal bli godt å kunna trena utandørs heile året, i staden for å trena i Hjelmelandshallen, fortel Svein Hjørungdal Vika til Mitt Hjelmeland.
Idrettskameraten og sambygdingen, Øyvind Opdahl Viga, støttar tankane til Svein. Øyvind går i tiande klasse og er hovudsakleg berre skiløpar, men han har fotball som ekstraidrett for å variera treningsforma i sommarsesongen.
– Eg tykkjer det er heilt fantastisk at me har fått ein fotballbane, midt i sentrum. Banen kjem nok til å bli mest brukt av folk på Hjelmeland, men det er òg bra at idretten og skulen får bruka den, legg Øyvind til.
– Kva kjem Hjelmeland Idrettsanlegg til å bety for Hjelmeland?
– Idrettsanlegget legg godt til rette for å driva forskjellige idrettsaktivitetar. Når me ein gong i framtida får ungar sjølv, så er kanskje miljøet endå større enn det er i dag, ikkje berre med fotball, handball eller ski, men kanskje òg tennis eller friidrett, seier Øyvind Opdahl Viga, medan Svein Hjørungdal Vika nikkar samtykkjande.