Årsmøtet i Hjelmeland Idrettslag valte Nils Viga som ny styreleiar. Han avløyser Morten Hetland, som har vore styreleiar sidan 2012.
Marta Ommundsen er ny nestleiar, og Trond Sandvik tek over som ny leiar av skigruppa.
Brit Dagrun Hetlelid held fram som kasserar, medan skrivar Aud Jorun Steinsland og Jarle Mjølhus, leiar i fotballgruppa, ikkje var på val.
Nye leiarar i handballgruppa og trimgruppa er førebels ikkje på plass, men styret og valnemnda vil jobba med å få på plass personar i desse verva.