Spelarar, trenarar, leiarar, dommarar, føresatte/foreldre, besteforeldre, publikum, supportarar, media eller andre aktørar innan fotballen har alle eit ansvar for å opptre i tråd med Fair Play-verdiane.
Målsettinga med Fair Play-arbeidet er at alle involverte i norsk fotball skal ha eit bevisst forhold til fotballen sine grunnverdiar forankra i prinsippet om Fair Play.
Prinsippet om Fair Play skal visast gjennom positive og konkrete handlingar.
Alle målgruppene har eit ansvar for å forsterka det gode fotballmiljøet. Alle har også eit ansvar for å endre og/eller påvirke haldningar, der ein opplever episodar prega av manglande respekt og toleranse.
Hjelmeland idrettslaget ønskjer ei sterkare satsing på Fair Play -arbeidet, og Bjørn Solberg har starta som Fair Play – kontakt i fotballstyret. Nedanfor finn de ein presentasjon om Fair Play som Bjørn presenterte på eit møte for trenarar og lagleiarar.