Det blir Full Fart også dette året, 26. – 30. juni. Idrettslaget arrangerer ei aktivitetsveke for barn frå 3. – 7. klasse, den første veka etter at skulen har tatt sommarferie![full fart tunnell](https://hjelmelandil.no//wp-content/uploads/2014/06/full-fart-tunnell-300x225.jpg)
«Full fart» er 5 dagar der barna får vera med på mange ulike idrettsaktivitetar. Det er mykje leik og moro. Det heile styrt av vaksne og ansvarlege leiarar.
Dette er eit godt alternativ for å aktivisera barna i sommarferien.
Meir informasjon om program og påmelding kjem snart.