Info: innspel til kommuneplan

Til info:
I høve revisjon av kommuneplan for Hjelmeland kommune, har styret i HIL sendt inn fylgjande innspel:

­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­Innspel til revisjon av kommuneplan

Viser til tidlegare samtale med rådmann Wictor Juul og planansvarleg Haldis K. Nilsen

Hjelmeland kommune og Hjelmeland idrettslag (HIL) må i samarbeid verte flinkare til å utnytte moglegheiter til å få finansiert utbygging av nye og attraktive arenaer for idrett/aktivitet via spelemidlar. Det kan gi oss 8-900.000 pr år. Dersom kommunen og HIL stiller med tilsvarande summar vil vi kunne investere for rundt tre mill pr år til å utvikle nye arenaer for aktivitetar for barn og unge i kommunen. I tillegg er vi heilt avhengige av at kommunen held utgiftene til spelemidlar vert utbetalt, og av kommunen sin kompetanse og hjelp i søknadsprosessen.

Folkehelse er eit prioritert område for tida, noko vi vil påstå at HIL bidreg med i stor skala her i kommunen. På bakgrunn av dette, meiner vi at vårt arbeid må få eit større fokus hjå administrasjonen i Hjelmeland kommune. I dag opplever vi samarbeidet for svakt og vi føler at HIL sitt bidrag vert lite verdsett. Vi må dra i same retning!

HIL ønsker at området rundt Hjelmeland sentralidrettsanlegg vert utbygd vidare som eit attraktivt og levande aktivitetsområde i kommunen, og ser føre oss

  • Ei ekstra fotball bane (7-ar bane)
  • Tennisbane
  • Rulleskibane
  • Turløyper
  • Rullebrettanlegg
  • Tuftepark

Vi ønsker også at grusbana ved barneskulen vert utvikla til mindre ballbingar til fotball, handball, volleyball, bandy, basketball, buldrevegg og skøytebane vinterstid.

Når det gjeld rulleskibane så ønsker vi at vi saman med kommunen ser om det let seg gjere å lage ei 2-3 kilometer lang bane enten rundt Hjelmen/Røygelstad-området, eller Sandedalen. Det er viktig med ei lukka rulleskibane for ei stadig veksande skigruppe, og for tryggleiken til dei små, slik at ein unngår å måtte nytte trafikkerte vegar som treningsarena!

Når det gjeld Bjødnabuområdet er det svært ønskelig med ein kommunal veg over til Måmyra/Årdal slik at alle i kommunen får raskare tilgang til dette området. Det er også ønskelig at dette området vert satsa på og utbygd med skiløyper og turvegar den neste planperioden.

Vi har slite med lite snø på Bjødnabu dei siste vintrane og er i ein prosess der vi ser på ulike alternativ framover dersom snømangelen held fram:

  • Bjødnabu og videre opp i det området.
  • Lyngsheia (lysløype?)
  • Gullingen (samarbeid sammen med Suldal IL)

På Fister vil vi framleis behalde fotballbane og ballbingen, og ønsker og gjere dette området tilgjengelig for alle som ønsker å bruke dette.

I Årdal har vi ein avtale med Årdal IL om bruk av fotballbanen der, og ønsker på sikt å vurdere om det er mogleg å få til ei friidretts-satsing der med tanke på løpebana som alt eksisterer (dog med behov for oppgradering).

Det er også svært viktig at der er vatn i symjebassenget slik at dei som ønsker å symje får høve til dette i Hjelmeland. Vi ser at nabokommunane våre investerer fleire hundre millionar i symjehaller, og vi håpar difor at Hjelmeland kommune for framtida i det minste vil sette av pengar til å ha vatn i bassenget, og å gjere det meir tilgjengeleg for innbyggjarar og turistar!

Oppsummering

-Idretten må få en større fokus fra Hjelmeland kommune i neste planperiode!

-Hjelmeland sentralidrettsanlegg må ferdigstillast t.d. med ei rulleskibane.

-Bjødnabuområdet må få ny veg frå Årdal og vidareutviklast meir enn per idag.

-Alternativ til Bjødnabu må takast med, for å sikre oss stabile treningsforhold på snø.

-Bassenget skal aldri vere utan vatn!

Med venleg helsing
Hjelmeland IL

Scroll to Top