Målbonanza på Hjelmeland

Etter eit surt og sviande 0–5-tap sist kamp, var det eit revansjesugent Hjelmeland-lag som entra grasmatta denne gongen. Men kampen starta på verst tenkeleg vis, Våganes scora allereie etter minuttet va gått.

Det tok likevel ikkje lang tid før Hjelmeland kom inn i kampen når dei fekk straffe etter fem minutt som Even Østensen satt lett i mål. Etter scoringa var det stor trafikk i feltet til Våganes som måtte plukke opp heile fem til ballar fra nota, etter hat-trick signert Ole Martin Dale, og mål frå Thomas Munthe og Marius Loktu.

Våganes scora etter pause, og det har blitt klart at Hjelmeland respondere godt på motgang, for Ole Martin var ennå ikkje lei og scora like gjerna to te, før Thomas avslutta showet med ein sein scoring.

9-2 blei sluttresultatet og heile 5 mål på Ole Martin, sjå bilde under av ein gladgutt

Scroll to Top