Hjelmeland tok tre kretsmeisterskap i KM2 i langrenn i Suldal i helgja.
Laurdag var det klassisk distanserenn, og Mari Hetlesæter vann klassa for jenter 14 år, Tobias Topp Sandvik klassa for gutar 15 år og Erlend Widerøe Hennig klassa for junior 19–20 år. Totalt deltok Hjelmeland med 26 løparar, som alle gjorde ein flott innsats!
Søndag var det sprint lagstafett i fristil. Her stilte Hjelmeland med 12 eigne lag, i tillegg til å delta i to delte. I jenter 13–14 år fekk vi ein andreplass med Hannah Chaplin Laugaland og Mari Hetlesæter, i 15–16 år gjekk Kristrun Gudnadottir og Kristin Hetlesæter inn til ein tredjeplass medan Erlend Widerøe Hennig vann juniorklassa i lag med Jarle Nordtveit Åsheim frå Vindafjord.
Takk for flott innsats frå alle Hjelmelandsløparar!