Er du medlem/frivillig i Hjelmeland Idrettslag? No har du sjansen til å seie di meining og vere med på å gjere klubben vår endå betre!
Vi gjennomfører ei medlemsundersøking for å finne ut korleis medlemmane våre har det i klubben, kva som fungerer godt, og kva vi kan gjere betre. Undersøkinga er anonym og tek berre nokre få minutt å svare på.
Kven kan svare?
- Medlemmar frå 10 år og oppover
- Frivillige, trenarar og andre som er del av klubben
Kvifor svara?
Dine erfaringar og meiningar er viktige! Med svaret ditt kan vi:
- Skape eit betre miljø for alle
- Forbetre treningstilbodet og aktivitetane våre
- Ta vare på dei som er frivillige i klubben
Slik svarar du:
Klikk på knappen under og fyll ut skjemaet:
https://forms.gle/fJWjtjP3RG3RogH69
