Alle innlegg av Agnes Kleppa

Hjelmelandsmeisterskap på ski

Då er det klart for siste renn i Hjelmeland Telenor Skikarusell og Hjelmelandsmeisterskap på ski

Tidspkt : Kl 18:00 på Bjødnabu fredag 18 Mars

Distanse: etter forholdene, dvs distanse eller sprint om løypa ikkje tåler distanse.

Premiering : ein liten oppmerksomhet etter rennet, medaljer ved skiavslutning seinare i vår.

Alle er velkommne til å gå, både store og små, og ikkje ver redd om det er første renn for sesongen, dette blir bra :)

Nye løpere vert spesielt til å koma - dette er ein god dag å prøva seg på ski!

mvh
Skistyret

Klubbkveld på Enkelbutikken

Det vert klubbkveld på Enkel-butikken for Hjelmeland idrettslag sine medlemmer torsdag 17.mars kl 16.00-17.00.

Spesialtilbod med 30% rabatt ved bestilling av Hjelmeland IL klubbgenser, lang bukse, shorts og knestrømper.

I tillegg er det masse gode tilbod på Enkelbutikken, og vanleg medlemsrabatt.

Vel møtt! Det vert ein ny klubbkveld etter påske for dei som ikkje har anledning denne gongen.

Skirenn på Bjødnabu

Fredag 26.februar kl 18.00 vert det skirenn på Bjøbnabu. Vanleg distanse-renn.

Rennet vert i fristil, og er for alle i alle aldrar.

Påmelding ved oppmøte, så det er viktig å vera ute i god tid!

Rennet er ein del av Telenor-karusellen.

Det er fantastiske forhold på Bjødnabu, ca 0,5 meter nysnø.

Vel møtt!

Me fyrer  opp i skihytta og har open kiosk.