Innkalling til ekstraordinært årsmøte – samanslåing med Årdal idrettslag

Klubbhuset på Hjelmeland – 24. juni kl. 19.30

Sak 1
Godkjenning av kven som har stemmerett

 Sak 2
Godkjenning av innkalling og saksliste

 Sak 3
Val av møteleiar og referent og to til å skriva under protokollen 

Sak 4
Samanslåing med Årdal idrettslag

 Sak 5
Utmelding av Norges Cykleforbund

Sakspapir finn du her: Ekstraordinært årsmøte2019.

Bestilling av treningsklede frå Trimtex

Nå kan dei som vil kjøpa seg treningsklede bestilla dette på nettbutikken til Trimtex. Dette er svarte og kvite klubbdrakter som eignar seg godt til å gå på ski i, men dei er knallgode til all slags trening. Det står Hjelmeland IL på ryggen, og det finns fleire ulike variantar og tjukkelsar på tøyet. Det er jakke, vest og bukse, hue og pannebånd.

Nettbutikken stenger 13.01.19 med forventet levering i 
uke 8.

Hjelmeland idrettslag sitt bilete.

 

Slik gjer du for å bestilla:
1. Klikk deg inn på linken her for å komme til nettbutikken: https://trimtex.no/no/hjelmeland-il—ski/
2. Før du kan starte å bestille må du registrere deg.
3. Velg «Logg inn» om du allerede er registrert som bruker på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gang du bestiller fra oss.
4. Tast inn hjelmelandski i «teamkode for innmelding» og logg inn.
5. Du skal motta en ordrebekreftelse fra oss når din ordre har gått gjennom.

Vi anbefaler å bruke Chrome eller Firefox for at det skal fungere optimalt, f.eks vil brukere av Internet Explorer kunne oppleve noen problemer.

Hvis noen har problemer med å logge inn, eller andre henvendelser, nøl ikke med å ta kontakt enten på support@trimtex.no eller per telefon 37 26 91 00.
Lurt tips! Kommer man “bort” fra klubbsidene, kan man alltid klikke på klubbnavnet øverst på siden for å komme tilbake igjen.

https://preview.trimtex.ee/proj…/5bc5c17d6b3f2/5bc5c17d761e1

VELKOMMEN TIL HJELMELAND SPAREBANK – CUP

Helga 1. – 2. september er det nok ein gong klart for Hjelmeland Sparebank – cup på fotballbana på Røgjelstad.

Denne fotballcupen for barn mellom 6 og 12 år er det desidert største idrettsarrangementet me har i Hjelmeland. I år deltek det nærare 90 lag frå Staal, MIL, Suldal, Erfjord og sjølvsagt våre eigne lag i denne aldersgruppa.
Laurdag brakar det laus med spel på tilsaman 8 banar på den store banen og i ball-bingen. Då er det dei mellom 6 og 9 år som skal spele. Mange 6-åringar skal spele sin aller første fotballkamp.  På søndag er dei mellom 10 og 12 år sin tur.
Under cupen skal me også for alvor ta i bruk det splitter nye og flotte klubbhuset vårt.
Me gler oss, og ser fram til ei helg med mykje idrettsglede!

«Haust-spillopper» – 13.-15. august

Hjelmeland idrettslag har i fleire år arrangert ein god start på sommarferien. I år vil me utvide og arrangere ei like god avslutning på sommarferien, og alle som skal byrje i 4.-8.klasse er invitert til å vere med!

Frå 13. til 15. august inviterer me til idrettsskule ved det nye klubbhuset på Hjelmeland. I løpet av desse dagane skal dyktige instruktørar ta dykk gjennom dette:

  • Måndag 13. august:
    • Variert ballaktivitet. Me skal innom mange ballspel og ha artige konkurransar og utfordringar!
  • Tysdag 14. august:
    • Me skal leike oss gjennom dei ulike elementa i langrennssporten, blant anna gjennom artige styrkeøvingar, stafettar og rulleski.
  • Onsdag 15. august:
    • Friluftsdag på Bjødnabu. Me skal prøve oss på orientering og andre uteaktivitetar, og me satsar på grilling til lunsj.

Me vil halde på frå 08.00 til 15.30 kvar dag, og dagane vil innehalde felles frukost, aktivitet, lunsj og frukt.

Pris: 750kr.

Påmelding på mail til erlendhennig@me.com innan onsdag 1.august. Me treng fullt namn, klasse og kontaktinformasjon til føresette. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom De lurer på noko! Eg kan nåast på mail-adressa over, eller på telefon: 98465614.

Velkomen til ei god avslutning på sommarferien!

Spennande sommarjobb – Full Fart 2018

Hjelmeland idrettslag treng  leiarar til Full Fart 2018. Har  DU lyst til på ein super sommarjobb?
Full Fart er ei aktivitetsveke som idrettslaget arrangerar for dei som er ferdige med 3. klasse til og med dei som er ferdige med 7. klasse.  Kvart år første veka etter skuleslutt, dette året er blir det 25. – 29. juni. Til dette treng me positive, inspirerande og ansvarlege leiarar, som kan vera med denne veka.
Likar du og driva med idrett og aktivitetar ute, og likar du å arbeida med barn og unge, kan dette vera jobben for deg.
Høyres dette interessant ut? Send ein e-post til Torborg.kleppa@live.com, innan 1. juni. Skriv gjerne litt om deg sjølv og dine kvalifikasjonar for jobben. Har du trenarkompetanse/er instruktør i ein idrett vil me gjerne vite det.

Fisterløpet 2018 – 10. mai

Program for dagen:
10:00 Opning – registrering/start trimklasse – turgåarar
13:00 Start born under skulealder
13:20 Start born og yngre junior (1.-4. kl og 5.-7. kl)
13:40 Start eldre junior (8.-10. kl)
14:00 Start kvinner/menn/stafett
15:00 Premiering

Trimklasse:
For små og store turgåarar – 3 km eller 8 km

Aktive klassar:
Mini (under skulealder) – 600 m
Barn (1.-4. kl.) – 600 m
Yngre Junior (5.-7. kl.) – 1,5 km
Eldre Junior (8.-10. kl.) – 3,0 km
Kvinner – 4,5 km
Menn – 7,5 km
Stafett (2-5 løparar, mix, alle aldrar), 5×1,5 km

Påmelding til aktive klassar via internett:
https://signup.eqtiming.no/?Event=Hjelmelandil

Premiering:
Deltakarar i trimklasse: Premie for 1., 2., 3., 5., 10., 15., 20. og 25. gong.
Vandrepokalar for herre og dame, samt eldre junior (8.-10. kl.).
Alle i aktive klassar får deltakarpremie.

Påmeldingsavgift:
Barn (under 17 år): 75,-
Vaksne: 150,-
Familie: 250,-
Merk: Påmelding gjev tilgang til både trimklasse og aktiv klasse. Familiekontigent berre i trimklassen.

Kiosken er open under heile arrangementet.

Velkommen!