Godt frammøte i Fisterløpet 2013
Trass i surt maivêr, stilte snautt 250 turgåarar og løparar i Fisterløpet 2013 torsdag 9. mai.
Godt frammøte i Fisterløpet 2013 Read More »
Siste nytt frå Hjelmeland Idrettslag
Trass i surt maivêr, stilte snautt 250 turgåarar og løparar i Fisterløpet 2013 torsdag 9. mai.
Godt frammøte i Fisterløpet 2013 Read More »
Hjelmeland Idrettslag inviterer alle 3.–7. klassingar til mange spanande aktivitetar i årets idrettsskule, 24.–28. juni.
Idrettsskulen 2013 Read More »
Hjelmeland kommunestyre gjekk i kveld inn for å setja i gang bygginga av Hjelmeland Idrettsanlegg. Hjelmeland Idrettslag gratulerer med vedtaket, og takkar kommunestyret for at dei ser verdien av arbeidet me gjer.
Klart fleirtal for Hjelmeland Idrettsanlegg Read More »
I kveld vart det 2-0-tap mot Vaulen 2 for Hjelmeland Idrettslag sitt seniorlag i fotball. Likevel ser 2013-sesongen så langt mykje lysare ut enn fjoråret.
Målfattig serieopning Read More »
No kan du endeleg kjøpa din eigen sykkeldrakt i Hjelmeland Idrettslag sine fargar.
Kjøp sykkeldrakt i Hjelmeland Idrettslag sine fargar Read More »
Hjelmeland sitt G11-lag i handball gjorde stas på det franske handballandslaget under landskampen mellom Noreg og Frankrike sist onsdag.
I dag gjekk Hjelmeland-løpar Tobias Topp Sandvik Ungdomsstafetten i Holmenkollen saman med landets beste 15- og 16-åringar. Laurdag 16. mars klokka 17:15 blir stafetten i friteknikk 4×3,75 km sendt på NRK1.
Tobias i Ungdomsstafetten i Holmenkollen Read More »
Hjelmeland tok tre kretsmeisterskap i KM2 i langrenn i Suldal i helgja.
Tre kretsmeisterskap til Hjelmeland i helgja Read More »
Resultat frå det første rennet i Telenor Karusellen, som vart arrangert i Fjellbergskardet lysløype laurdag 26. januar.
Første renn i Telenor Karusellen Read More »
Ventetida er endeleg over. Hjelmeland Idrettslag har fått nye skidrakter, spesialdesigna av Trimtex. I tillegg til Tobias Topp Sandvik, som viste fram den nye konkurransedrakten i Holmenkollen sist helg, var ein heil delegasjon frå skigruppa representerte i Saudasprinten den same helga.
Endeleg nye skidrakter Read More »